Dagen idag.....det skal bli din beste dag

Hei. Velkommen til min blogg. Legg gjerne igjen eit lite ord eller to;) Klem Silje

mandag 2. september 2013

onsdag 7. desember 2011

Enkelt Pepperkakehus

Pepperkakehuset er bakt og står klar for pynting. Det skal vi gjere i ettermiddag sammen med Ann Renate. Pepperkakehuset var så enkelt å lage, så når eg først var i sving lagde eg tre hus: eitt til Frida, eitt til Ann Renate og eitt til meg sjølv. Då får eg pynte akkurat slik eg vil på mitt hus;) Litt barn er det i meg endå...he he he.

Kom over denne "pepperkake- malen" på Jarles Gavesenter i Førde, og syntes den var supersmart. Istedenfor å stå med linjal og skjære ut huset, var det laga slik at ein kunne trykke ut huset. Også er huset akkurat passe lite slik at det ikkje tar opp så stor plass. Ifjor lagde eg eit stabbur som du kan sjå nederst på sida, og ikkje nok med at eg brukte lang tid på å lage det, så tok det så stor plass!

 






 Her har dere pepperkakehus- bakaren i full konsentrasjon medan lillesøstra stabber og går rundt føttene på oss. Det morsomme er at Rikke kan gå, men har fortsatt ingen tenner;) Men ho har ingen problem med å tygge maten, gommane fungerer fint!

Fjoårets pepperkakehus!

Nå sitter eg og vurderer å vekke barnevakta. Eirik skal passe Rikke idag slik at eg får sove litt etter nattevakt. Han har overnatta her for å kunne ta ho tidlig idag, men når eg kom heim kl 8 sov dei begge ...!!

Ikveld skal eg, mine to brødre og mamma bake mjukt flatbrød. Då skal eg love at julemusikken blir skrudd opp, og mykje gode barndomsminner kjem strøymandes. Ikkje ofte vi gjer slikt etter at vi har blitt voksne og flytta ut ifrå barndomsheimen;)

Ønsker alle ein riktig fin dag

Klem Silje 

torsdag 1. desember 2011

Aktivitetskalender

Husets julekalender er i år ein aktivitetskalender. Kjekt for både store og små. Aktivitane plukker vi ut alt etter vær, tid og dag. Har skrive ned ulike aktivitet på ein trepinne og lagt oppi eit kremmerhus som henger på ein kvist. Eg legger ut aktivitet kvar morgon slik at eg kan tilpasse aktiviteten utifra andre ting i kvardagen. Nå er det full nedtelling til jul;)

onsdag 23. november 2011

Juleservice

Nå skal snart adventsstakane, julegardinene og julepynten fram....og nokon av oss har til og med fine juleservise som må tørkast støv av. Eg sjølv starta med å samle på magnor sitt juleservise for nokre år sidan, eit klassisk og tidløs design som eg syntes var veldig fint. I år har eg i tillegg invistert i to kopper frå Green Gate, som var eit slik "må ha kjøp".
Tanta til Odd-Magne frå Gilje samla på eit veldig søtt servise som eg falt pladask for. Syntes det var så skjønt, og i tillegg pynta det veldig opp i vitrineskapet og gjor ingenting om det stod framme heile året. Serviset er frå Goebel Engleservise.
Nå skal jo sant seie, at "smaken er som baken"...men likar du engler så bør du vurdere å samle på dette serviset.


I tillegg følger det med engler som kan pynte opp eit kaffibord


Eg for min del skal være trufast mot nissekoppane mine frå magnor, og kose meg med nykverna kaffi frå Green Gate koppane.

Har du eit juleservise??

Fortsatt fin kveld

Klem Silje


tirsdag 22. november 2011

Første pepperkaker

Dei første pepperkakene er i boks....og det er faktisk andre forsnyning.


Besøk SologStjerne.blogg.no for fleire bilder

Ønsker alle ein fin kveld vidare;)

Klem Silje

mandag 21. november 2011

Skjeltefest

På Fredag som var samla eg jentene med følge til skjeltefest med selfølgelig skjelter og god drikke på meny. Stemninga var god og det såg ut som alle kosa seg. Kjekt å samles i godt lag, og det beste av alt var at skjønningane mine var på overnatting hos mamma, så eg og Odd-Magne kosa oss som berre det med både forberedelse og aleine tid! Må nevnes at vi sov ein god del fleire timer dagen etter, noko som vi ikkje har gjort sidan vi fekk barn!!!!



Og når det er fest, skal det pyntes...eg storkoser meg når eg får dekke på bord og pynte i vei!!


Lysfatet med lys er frå Nille, mose frå skogen rett ved huset, Reinsdyr frå Kid og servicet er frå Tilbords sin utgåtte (snufs) serie FILE.


God stemning hos denne gjengen;)

Akkurat nå er eg ein "nesten" pasient på sofaen. Trakk ei tann idag, og har nesten ikkje fått i meg verken tørt eller vått etterpå. Og snakker eg for mykje begynner det å verke...så det er om og gjere å holde "tåtholet" i ro!

Ønsker alle ein riktig fin kveld vidare. Med ibuxen i nærheten blir det nok ein veldig fin kveld her òg!!

Besøk gjerne min andre blogg: sologstjerne.blogg.no

Klem Silje




Posted by Picasa

søndag 20. november 2011


Hmmm...skal- skal ikkje?? Fleire og fleire bytter over frå blogg.no til blogger.com, og nå er eg veldig usikker på om eg skal følge bølgen og skifte over???
Iallfall har eg tatt pause i strikkinga og levd meg inni bloggens verden. Og som vanlig blir det altfor seint før eg klarer å rive meg løs frå dataen. Burde tatt til vett for lenge siden og komt meg i seng, for mårradagen vert ikkje som andre vanlige dager. Skal nermlig til kjeverortoped og trekke ut ei veldig vond tann....og gjett om eg kvir meg???? Kvalmen kjem berre eg tenker på det.
Så får vi sjå kva for ein blogg eg satser på framover! Er det nokon som har gode argumenter for kva eg bør velge?? Besøk sologstjerne.blogg.no for å sjå min nåværand blogg!
SILJE